Knaben kapell

Langkyrkje, bygd i 1936 i tre. 80 sitteplassar. Kyrkjetårnet står ved sida av kapellet nede på marka.
Kapellet har eit gamalt trøorgel.

Der kapellet står, var det først ein firkanta danseplatting med rekkverk ikring. Seinare kosta Knaben selskapelege foreining opp hus der. Dette fekk namnet ”Grubeheimen”. Då dette huset snart blei for lite og nytt skulle byggjast, var det tanken at Knaben indremisjon skulle kjøpa det til bedehus, men direktør Blekum meinte at Knaben gruvor burde ha eit ”kirkekapell”. Han la saka fram for hovudstyret for a/s Knaben molybdængruver. Dei gjekk med på å kjøpa huset og innreida det til eit ”kirkekapell” etter teikningar godkjende av Kyrkjedepartementet.
Huset blei kjøpt og ombygd etter teikning av ingeniør Hans Aase og stod ferdig som kapell hausten 1936. 11. oktober 1936 vert Knaben kapell vigsla.
a/s Knaben molybdængruver var rause. Dei kjøpte ”Grubeheimen” og bygde det om til kapell og tok på seg vedlikehaldet. Dei kosta innbu, og skulle halde ved, ljos og reinhald. Attåt skulle soknepresten få ei årleg godgjersla inntil vidare på 650 kr.

Ovanpå kapellet er eit lite husvære. Der skulle ein av arbeidarane ved gruva få bu gratis mot å vera pedell og kyrkjetenar.
a/s Knaben la ned drifta i 1973 og dermed mista kapellet kyrkjelyden og måtte leggja ned arbeidet. a/s Knaben tok snart til med å selja bustadhusa til private. Det var eit godt marked. Mange ville gjerna ha seg eit fritidshus. Selskapet sine bergrettar og konsesjonar fall attende til Staten. a/s Knaben gav skjøtet på kapellet til Kvinesdal kommune 1.april 1976.

Kilde: Fjotland si kyrkja i 316 år. 1670-1986.
Tor Veggeland. Hegeland Trykkeri,Flekkefjord.1985.