Netlandsnes kapell

Langkyrkje. Bygd i 1885/86 i tre. Ca 100 sitteplasser. Galleri. Netlandsnes kapell vert vigsla 13.oktober 1886.

Kapellklokka heng i tårnet som er bygd over galleriet, Der er ei luke i taket og ein stige som fører opp til tårnet. På toppen av tårnet står tala: 1886. Det året kapellet vart vigd. Klokka kosta 100 kr.

I starten hadde ikkje kapellet mykje kyrkjeutstyr. Dei brukte eit vanleg vaskefat. Dåpsvatnet hadde dei på ei flaske. Ho stod og lunka seg attmed omnen.
Jakob J. Knaben hamra ut eit døypefat av ei tunn koparplate og gav kapellet. Til å ha dåpsvatnet i kom det ei sylvkanne som det står inngrave på: ”11/10-36”, truleg ei gåve frå helselaget. Det var nok ei ære til 50 års jubilanten.

Gamle Fjotland kommune gav ny altertavle til Netlandsnes kapell i 50 års gåve. Altertavla vart måla av den kjende Kvinesdals-målaren, Marcelius Førland i 1936, ”Jesus møter sine etter oppstandelsen”.

Trygve Eftestøl tykte det høvde med ein ramme kring altertavla. Difor laga han ein av russisk eik og skar ut rankeornament og stiliserte blomar. Ved foten av ramma skar han ut bibelordet som stod på den førre tavla: ”Salige ere de som høyre Gudsord og bevare det”.

Karen Sofie Håland gav ein bibel frå 1868. Han skulle liggja på altaret.

Lysekrona fekk kapellet i 1971. Ho er av messing og har 18 lys. Det står inngravert: ”Gåve frå Per, Tor og Karen Tonette Håland”. Samstundes vart det kjøpt lampettar på veggen i same stil.

Altarduken som er i bruk vart sydd av Åsa Risnes.

To ljosestakar av messing frå 1673 kom også til kapellet. Dei hadde stade i den fyrste kyrkja på Fjotland. Den eine vart gjeven av familien Håland ved Martine Netland, den andre frå Tollei Netland.

Løparen på golvet er ei gåve frå Hans Tobias Risnes.

Det første orgelet i Netlandsnes kapell kom i slutten av trettiåra. Det heldt til 70-åra. Då fekk kapellet eit nytt elektronisk orgel. Dette blei skifta ut til 125-årsjubileet i 2011. Det nye orgelet i Netlandsnes kapell er et Allen L- 4 orgel med 2 manualer og pedal. Det har 27 stemmer, 7 frikombinasjoner og 2 lydkanaler med digitale romklanger. Orgelet ble innviet fredag 14.oktober 2011 kl.19.00  på jubileumskonserten for Netlandsnes kapell, 125-år.

Kilde: Fjotland si kyrkja i 316 år. 1670-1986.
Tor Veggeland. Hegeland Trykkeri, Flekkefjord.1985.