Fjotland kyrkje er bygd i 1836, og er den andre kyrkja på staden.
Om Fjotland kyrkje
Langkyrkje, bygd i 1836 i tre. 300 sitteplassar. Galleri.
Den fyrste kyrkja i Fjotland stod ferdig i 1737, mens kyrkja som i dag står på Fjotland vart bygd i 1835-36.
Til jubileet i 1936 vart det gjort mykje i kyrkja. Dei tok av den gamle malinga og strauk på ny. Det som fanst frå den fyrste kyrkja, blei sett opp att. Det var helst stolbard og dørar. Konservator Hendriksen stod føre arbeidet. Av bygdefolk var Gudtorm Eftestøl og Andreas Kvinlog med.
Det var mykje utskjering i den gamle kyrkja, serleg på stolane. Utskjeringa er halden i ein roleg stil med godt tilpassa krullar. Det kan ein sjå av det gamle som blei flytt over i den nye kyrkjaDet er ikkje så lite som er flytt over. I den nye kyrkja står ein kjerringstol og ein brurestol. Den siste ber årstalet 1687 og namna Aslak Tolefsøn og Tore Aslaksøn Håland (far og son). Det er nok ei gåve frå Aslak. Så er det att fleire stolsbard med dører. På ei står; ”Den stol hauar Aslak Tolefsøn bekostet…paa sine egne penge den 6 aprilis anno…” Årstalet er borte, men stolen er vel frå kring 1690.
Preikestolen til venstre i kyrkja er frå den fyrste kyrkja. Den nye preikestolen står til høgre, frå 1836. Det er sett slik for at det skulle sjå symmetrisk ut.
Den store fura på Fjotland kyrkjegard er eit særmerkt skue. Fura er like brei oppe som nede. Både Tor Veggeland og Johan Jerstad har skrive om fura i sine bøker (sjå kjelder). Etter segna skal det vera gravlagd ein uskuldig mann under fura.
"Den store fura på Fjotland kyrkjegard stod fyrr like på utsida av kyrkjegardsmuren. Det skal liggja ein mann under den fura. Han blei retta for rang eid og nedsett på utsida av kyrkjegardsmuren. Men han sa seg saklaus, og til teikn på det skulde det veksa upp eit grønt tre på gravi hans, som var vidare oppe enn nede."
PØR
Kjelde: Johan Jerstad: Fjotlands sogebok. 1949; Tor Veggeland: Fjotland si kyrkja i 316 år 1986.